Modalen Kraftlag SA er sannsynlegvis Noregs minste energiverk og vert eigd av kundar i Modalen. Me leverer straum til omlag 350 fastbuane og hytteeigarar, samt til det lokale næringslivet. Me er eit vertikalintegrert energiverk som driv i områda kraftproduksjon, kraftoverføring og kraftomsetning. Modalen kommune får konsesjonskraft frå BKK Fjordkraft som er forplikta til å gje kommunen straum til ein pris som vert fastsett av Olje- og Energidepartementet ein gong i året. Modalen kommune har imidlertid ein policy om å gje krafta attende til innbyggjarane til konsesjonspris. Modalen Kraftlag SA eig og driv Hellandsfossen Kraftverk og Budalselva Kraftverk. I tillegg har me driftsansvaret for Grønhaug Kraftstasjon.
Kraftlaget sel kun kraft til innbyggjarar og bedrifter innafor kommunen.